Skuleåret 2025-26 er i gang!

August 16, 2025

Elevane strøymde på frå klokka 10.30 – og var spente på kva rom dei fekk. 
Mellom klokka 14 og 15 var det fleksi-middag, før det var klassevise samlingar for elevar og føresette kl 15.30.
Nytt av året var at det var foreldresamling. Det var eit tilbod for foreldre der dei kan bli betre kjende med einannan.
 
Klokka 18 var det fest der vg2- og vg3-elevar ynskte dei nye elevane velkomne med å synge «Å, det er langt å gå» av Klovner i kamp. Ein song som syner mykje av det ein ynskjer for elevane, at dei skal «ta en bit av gangen» og finne fellesskap og gå saman med andre.
 
Rektor Jon Ove Holen hadde ei helsing der han oppmoda foreldre og elevar til å lese grundig «Velkommen til vår skole» - eit hefte som låg på alle rom og som gjev elevane nøklar til å auke eigen og andre sin trivsel.
Forelder og prest Tarjei Løvik hadde andakt om kor viktig det var med gode rutinar – også i kristenlivet.
 
Vg3-elevar og misjonsprosjektleiarane Johanna Thorkildsen og Andreas Haram presenterte årets misjonsprosjekt, som er lokalisert til Japan.
Dei ulike lovsongsgruppene leia oss i fellessong.
Til slutt var det god mat, tilrettelagd av kjøkkenpersonalet til kjøkkenleiar Dana Rudusa, og mykje god prat rundt borda.
 
Det vart rett og slett ein festdag!

Helsing frå rektor Jon Ove Holen