Bokbad på Vestborg

I samarbeid med biblioteket på Stranda arrangerte Vestborg bokbad på fredag.
Elevar som hadde fagdag sette av 45 min til bokbadet der forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (til høgre på biletet) vart intervjua av Ingvild Hegge Eriksen frå biblioteket.
Under samtalen fortalde ho om bøkene sine «Sinne», «Eg blir her» og «På ein skala frå ein til ti».
Desse ungdomsbøkene handlar mykje om det å ha utfordringar i livet; som å ha ADHD, som å amputere ein fot - og som å ha ein forelder med alkoholvanskar.
Kolås Ingebrigtsen er lærar i vidaregåande, og inneverande år vart ho nominert til bokprisen som ungdomsskuleelevar står for nominasjonen til, Uprisen.
I følgje observasjonar var dette eit innslag i skulekvardagen som elevane sette pris på.



