Kvardagsglimt: Idrett og samfunn

I skuletida er det mykje som skjer på tunet. Det er ikkje alltid lærarane klarar å halde elevane sin konsentrasjon på topp, men vi har røynsle med at elevane likar når dei får gjere det som John Dewey kalla «learning by doing».
No i november hadde elevane i vg3 idrett i faget "idrett og samfunn" fokus på eigenverdi og nytteverdi. Dei fekk i oppgåve å finne på nye aktivitetar, og deretter skulle dei forklare kva for eigen- og nytteverdiar ein kunne sjå i aktivitetane.
Elevane imponerte i kreativitet – og fleire nye aktivitetar såg denne onsdagen verdas ljos for fyrste gong. På biletet ser de ivrige elevar som konkurrer å flytte og stable brusboksar i par ved hjelp av vetlefingrar.



