Trafikkskadde Jan Ove Harsjøen på Vestborg

I programfaget sosialkunnskap handlar eit av kompetansemåla om inkludering. Jan Ove Harsjøen vart lam frå brystet og ned i ei trafikkulukke 16 år gamal. I førre veke vitja han Vestborg – faktisk for åttande gong (!) – for å fortelje si livshistorie.
Han har vore yrkesaktiv heile sitt vaksne liv, og han delte med elevane kva han hadde gjort for å vere inkludert i samfunnet – og korleis samfunnet har endra seg med tilrettelegging for rullestolbrukarar sidan 80-talet.
Også i år opplevde elevane dette som ein nyttig, interessant og lærerik dobbelttime.



