Kransekaker på rullande band før julemessa

Åshild Stenberg • November 14, 2026

Praten går og smila sit laust på Vestborg-kjøkkenet. Her er dugnadsgjengen godt i gang med å bake rundt 50 kransekaker til julemessa

Det er laurdagsmorgon. Elevane tuslar litt småtrøtte inn i matsalen til frukost, men på kjøkkenet er det unormalt mykje lyd.


Nokre smører former, andre fyller dei med kransekakemasse. Medan éin tek nysteikte ringar ut av omnen og set dei til avkjøling, gjer dei andre klar neste brett. Dei har kvar si oppgåve, og det er tydeleg at dei har gjort dette før.


Det er damene i Vestborglaget som står i bresjen for bakinga, og dei har fått med seg nokre nevehendige karar også.

Vestborglaget møtest kvar tredje veke utanom sommaren for å planlegge, strikke og førebu julemessa. I dag står kransekakebaking på programmet. Inntektene frå messa går til Vestborg.


Under finn du programmet for julemessa.



Velkomen!



JULEMESSE PÅ VESTBORG

Laurdag 21. november 2026



Kl. 10.30   Messa opnar

Kl. 12.00   Samling – sang av Stranda Soul Children

Kl. 13.00   Sal av rømmegraut m/spekemat (slutt kl. 14.00)

Kl. 14.00   Samling – «vi syng jula inn». Allsongkoret.

           Trompetmusikk. Kåre Lid.

Kl. 16.00   Avslutningsmøte – hovudtrekking

           Andakt av Kåre Lid. Sang.

 

Vi tilbyr for sal:

Smurte lefser – kransekaker – småkaker

gjærbakst – gåveartiklar – handarbeid

 

KAFETERIA – ÅRESAL – TOMBOLA



VEL MØTT PÅ VESTBORG!