Frå idé til ungdomsbedrifter på Vestborg

Åshild Stenberg • November 13, 2026

I haust starta Vestborg opp entreprenørskap og bedriftsutvikling som nytt valfag. No er fem elevgrupper i gang med kvar si ungdomsbedrift. Eg tok ein prat med elevane om kva dei vil lage, kven dei vil nå, og kva som må på plass før dei kan ta imot dei første kundane.

«Kjøkkensjef junior» vil sleppe barna til på kjøkkenet

Edel Sofie Wigdahl og Solveig Kamila Olsen Barreth vil gi barn på Stranda ein stad der dei kan utfalde seg på kjøkkenet og vere kreative med matlaging.

– Barn kan mykje og vil klare mykje sjølv. Ofte får dei beskjed på kjøkkenet om å vere forsiktige og ikkje gjere sånn og slik. Barn må få lov, seier dei.

Begge har gått restaurant- og matfag og går no påbygg på Vestborg. Nokre detaljar må på plass før dei kan invitere til det første matlagingskurset, men målet er å få til ei samling før jul for dei første barna som melder seg.


«Spillsmedene» vil skape eit nytt brettspel

Adam Barikhan, Markus Alnes Ingolfsson, Daniel Fremmegård og Leah Johanne Theodorsen hadde planen klar. Så fekk dei ein annan idé.

– Vi hadde ein heil plan klar, men no bestemte vi oss for å endre på alt og utvikle eit heilt anna spel, seier Adam Barikhan og ler litt.

Dei vil lage eit brettspel som kan passe for både familiar, studentar og barn. Gruppa er i kontakt med Outland, som har vist interesse for ideen.

– Vi håpar dei vil hjelpe oss med å realisere brettspelet når vi kjem så langt, seier Markus Alnes Ingolfsson.

Elevane fortel at dei brukar det dei lærer i faget til å finne ut korleis dei kan synleggjere seg på marknaden og samarbeide med leverandørar som kan hjelpe dei vidare.


«Bliz UB» lagar armband med eit kristent touch

På jenteinternatet Roalden sit Linea Molnes, Selma Lovise Roaldsnes, Berit Buhendua-Løvland og Ingrid Muren og lagar armband. Nokre får eit kristent preg med bibelvers eller korte setningar, medan andre får eit meir basic uttrykk.

Gruppa har oppretta Instagram-kontoen (bliz.ub), der dei etter kvart vil vise fram armbanda dei lagar som blir tilgjengelege for sal. Ingrid håpar dei kan selje dei første armbanda allereie på julemessa til Vestborg neste helg.

Undervegs har elevane lært å utvikle eit produkt, setje opp budsjett og vurdere styrkane og svakheitene til ei bedrift. Berit fortel at det ligg mykje idémyldring bak, og at dei måtte bli einige om kva dei skulle satse på. Alle fire har lagt inn kvar sin del i bedrifta, noko Selma meiner gir dei eit felles eigarskap.

 


«Fold & go» vil frigjere plass på pulten

På biblioteket jobbar Mathias Tislavoll, Leah Aurelia Bertelsen Drege, Jenny Vikene og Klara Amalie Fjørstad med ei samanleggbar oppbevaringsboks som kan hengast på sida av ein pult. Der kan ein ha mobilen, linjalen eller andre småting lett tilgjengelege utan at dei tek opp plass på bordet, forklarar Mathias.

Leah og Klara fortel at gruppa er i kontakt med TIF i Sykkylven og Slettvoll for å høyre om dei kan hjelpe til med å utvikle produktet deira.

Elevane har allereie fordelt rollene i bedrifta og oppretta ein Instagram-konto. No arbeider dei med å få på plass bankkonto, organisasjonsnummer og dei siste praktiske detaljane.


«ASOII» vil levere mat på døra

Lokalavisa Nyss har allereie skrive om ASOII, ungdomsbedrifta som vil tilby matlevering på døra her i bygda. Bak ideen står Solveig Morch Holte (ikkje til stades i dag), Ingrid Hove Bull, Iris Nordsletten Engeset, Andrè Grinik Henriksen og Oliwia Julia Galazka.

– Det er fleire som allereie har kontakta oss og seier dei vil nytte seg av tenesta vår, seier Iris.

Medan elevane gjer dei siste førebuingane, snakkar dei med moglege samarbeidspartnarar, mellom anna KIWI Stranda. Av lærar Geir Magne Engås har dei lært om rekneskap, marknadsføring og kor viktig det er å levere ei teneste av god kvalitet. No jobbar dei med å gjere tilbodet kjent i bygda.

– Det er kjekt å kunne hjelpe andre, seier Iris.


Nedanfor kan du lese artikkelen som Nyss har skrive om ASOII:

https://www.nyss.no/nyhende/n/g3P5LJ/satsar-paa-matlevering