Hospiteringsveke

Fylkeskommunen arrangerer hospitering for 10. klassingane i fylket vårt kvart år i midten av november. Denne veka hadde Vestborg vitjingar både måndag og onsdag.
Dei ivrigaste hospitantane hospiterte både måndag og onsdag. Til saman hadde vi ikring 25 hospitantar innom desse dagane. Det er eit høgt tal, som lovar godt for søknaden til neste år.
I løpet av hospiteringa fekk elevane generell informasjon om skulen, og dei var med i ulike timar for å få ein innblikk i skulekvardagen på Vestborg.
Biletet viser både elevar og hospitantar i full aktivitet i gymsalen.



