Caroline om kick-off: - Veldig kjekt!

Kjell Morten Håland • January 21, 2020
Caroline Kandal frå Sandane var veldig nøgd med opphaldet på Vestborg i helga.

- Det var ei veldig kjekk helg. Eg blei kjend med nye folk, og det vart lagt til rette for at vi kunne fare på Strandafjellet skisenter på sundag. Helga var fylt med gøye aktivitetar, fortel ho.

Caroline har ikkje heilt bestemt seg for at ho vil gå på Vestborg til hausten, men fortel at lysta til å gå på idrettslinja er der.

- Eg opplever at Vestborg har eit veldig godt miljø, og at krava til elevane på idrettslinja høvelege. Det er også flott at det er så kort veg til skianlegget, seier ho.

I årets VG2-klasse går systera til Caroline.

- Ein viktig årsak til at eg har lyst å gå på Vestborg er Benedichte. Ho har det så bra på Vestborg at ho kjem nesten aldri heim i helgane. Eg ynskjer å oppnå studiekompetanse, og det kan Vestborg gje meg – samtidig som eg kan bu på internat og oppleve eit godt miljø, slår Caroline fast.