Om russeturnéen: - U-N-I-K-T

Kjell Morten Håland • January 20, 2020

Mainy Os på regionkontoret for NLM har også i år gjort ein kjempeinnsats for å leggje til rette for Vestborg-russen. I førre veke har russen kunna reist rundt på bedehus og forsamlingar. Russen har blitt delt inn i grupper og hatt med seg kvar sin forkynnar, og elevane har informert både om skulen og om misjonsprosjektet sitt i Japan. Elevane vart hovudsakleg innkvarterte i heimane til misjonsfolket.

Steffen Savland frå Naustdal og Magnhild Lidal frå Kyrksæterøra har vore på kvar sine grupper under turnéen. 

- Det var veldig kjekt, men ganske slitsamt, seier Steffen.

Han held fram:

- Det var slitsamt fordi det vart ein del reising, og det var mykje som skjedde. Samstundes var det utviklande – fordi eg lærte meir om kunsten å presentere. Elles hadde vi god dynamikk i gruppa, og det var kjekt å møte misjonsfolket. Ja, det var overveldande å oppleve kor godt vi vart tekne i mot av dei.

Steffen sette også pris på å få reise saman med forkynnar Lars-Kjetil Emblem.

- I gruppa las vi frå Johannesevangeliet og Lars Kjetil snakka med oss om korleis vi skulle forstå delar dette evangeliet. Dermed vart også russeturnéen nesten som ein mini-bibelskule, skildrar Steffen.

Då vestborg.no snakka med Magnhild om korleis det var å vere på turné, kom svaret i ein veldig kreativ form:

- U-N-I-K-T, byrja ho og svare.

Etterpå ville ho grunngje kva ho la i dei ulike bokstavane. 

- U = utfordrande: Vi gjorde ting vi ikkje gjer til vanleg, som til dømes å overnatta hos framande og snakke i forsamlinga.

- N = naturleg: Vi hadde Lars-Petter Ødegård med som forkynnar. Både mellom han og gruppa - og innan elevgruppa, så opplevde eg at vi fungerte naturleg og godt i lag. Med praten med misjonsfolket var det like eins, og etter kvart som vi fekk erfaring, så gjekk det også fint og naturleg på møta. 

- I = interessant: Det var interessant å sjå korleis andre hadde det heime.

- K = kristent: Vi fekk høyre gode talar frå Lars Petter som gav oss påfyll av Guds ord, og vi fekk sjølve vere med å fortelje om Jesus. Det opplevde eg fint å få vere med på. Elles kan eg fortelje at eg i barndomsheimen min har vekse opp med å ha forkynnarar på overnattingsvitjing, men no var eg i den motsette rolla. Det var rett og slett kult å få oppleve.

- T = tøft: Det var tøft på ein utfordrande måte å ha ansvaret for heile møtet, men det var tøft på ein artig måte då det gjekk så bra som det gjorde.

- Til slutt vil eg dra saman alle desse bokstavane til ordet UNIKT. Det var unikt fordi vi fekk ein unik sjanse til å reise rundt for å samle pengar inn til misjonsprosjektet vårt, og vi fekk i tillegg sjansen til å promotere Vestborg og hjelpe til med å skaffe nye elevar, avsluttar Magnhild.