Kick-off 2020 er i gong!

Kjell Morten Håland • January 17, 2020
I dag, fredag, er fyrste dag i kick-off-helga, og vi på tunet synast dette ser veldig lovande ut.

Til saman er det 36 ungdomar som har vald å bruke denne helga på Vestborg, og det har vore flott å sjå engasjementet til gjengen. Særskilt under aktivitetane i gymsalen slo det ut. 
Dersom dette er eit teikn på korleis dei nye elevane til hausten vert som gruppe, så har vi mykje kjekt å sjå fram til i komande skuleår!

I tillegg til bli-kjent-leikar i gymsalen, så har det vore informasjon, andakt og samvere med Vestborg-elevar på opningsdagen.

Laurdagen har også mykje program, mellom anna «Capture the flag» og elevkveld.
Sundag skal mange på ski på Strandafjellet skisenter. Dessutan gler vi oss til å møte interesserte foreldre klokka 14. Då får vi høve til å informere om kva for ulike tilbod Vestborg gir.