Rektor om talet på kick-off-påmelde: - Veldig gledeleg!
Kjell Morten Håland • January 15, 2020
Vestborg-rektor Håkon Hovda gler seg over det høge talet for påmelde til kick-off til helga.
Kick-off er ei bli-kjent-helg der elevar som vurderer å byrje på Vestborg til hausten er velkomne. Årets kick-off er komande helg, 17.-19. januar.
Onsdag føremiddag var det 38 ungdomar som hadde meldt seg på. Det er eit tal som er høgare enn dei siste åra.
- Det at vi har 38 påmelde er veldig gledeleg. Talet på kick-off-påmelde gir ofte ein indikasjon på kor mange elevar som startar opp til hausten. Dette gir oss grunn til optimisme med tanke på elevtalet til hausten, seier rektor Håkon.
Han vil gjerne understreke:
- Me gler oss til å ta i mot alle dei 38!
PS! Skulen tek framleis i mot påmeldingar. Dersom du ynskjer å melde deg på, så kan du gjere det ved hjelp av denne adressa:
https://www.vestborg.no/kick-off