Russeturnéen 2020
Kjell Morten Håland • January 10, 2020
Eit av høgdepunkta for tida på Vestborg er like om hjørnet. Russen skal på turné på Nordvestlandet.
Elevane er inndelte i grupper, og saman med ein forkynnar så dreg dei rundt til bedehus og forsamlingar og held møte.
Laila Vikenes er russepresident og med i arrangementskomitéen for russeturnéen. Ho ser fram til veka som ligg føre.
- Det skal bli fint å fortelje om Vestborg og få drive rekruttering for skulen. Eg ser også fram til å få vere med å samle inn pengar til misjonsprosjektet til russen. Det blir også ei fin erfaring for oss å sjå korleis NLM driv arbeidet sitt utanfor Vestborg. På turnéen skal vi innom både barnehagar, bedehus og forsamlingar. Eg trur også vi får sjansen til å bli betre kjende med klassekameratane våre denne veka, seier Laila.
Ho fortel vidare at mange er spente på kva som møter dei den komande veka.
- Vi skal overnatte hos ukjende menneske i private heimar. På møta vert vi utfordra på å leie lovsongen, leie møte og halde opningar på møta.
- Kva har tidlegare elevar sagt om russeturnéen?
- Dei har sagt at det var slitsamt, men dei ville ikkje ha bytt bort opplevinga, fortel Laila.