Julestemning på Vestborg
Kjell Morten Håland • December 14, 2019
Laurdag var det tid for pepparkakehus-baking på Vestborg. Ein gjeng elevar kosa seg med å kreere internatbygget Roalden, bil, romskip frå Star Wars og fyret på Alnes. Arbeidet var akkompagnert av julemusikk.
vestborg.no fekk nokre ord med eit knippe arbeidssame og nøgde VG1-elevar då dei sluttførde ein kopi av Roalden.
- Åååå! Eg har sånn julestemning. Eg har berre lyst å springe rundt og hoppe og danse. Tenk å få lage pepparkakehus og kjenne på fellesskap. Det er akkurat det som gir meg julestemning, og det er det som høyrer med no i førjulstida, seier Olianna Johansson.
Siri Lill Berg har også kosa seg med arbeidet.
- No har vi halde på i seks timar. Det er eit bevis på at det har vore kjekt. Ja, ting har gått litt skeis likevel, men det ser ut til at vi kjem i mål likevel, seier ho.
Filip Tøsse fortel at han hadde ikkje tenkt å bli med.
- Det enda opp med at eg vart med likevel. No har eg hatt det veldig morosamt og koseleg, og vi har jobba veldig godt i lag, seier han.