Julevask

Kjell Morten Håland • December 20, 2019
Siste skuledag før jul er sett av til vasking av skulebygningar og internat. Magnhild Lidal (tv) og Sara Emilie Lauvstad (th) hadde fått ansvar for å vaske bibliotek og tilstøytande klasserom.

vestborg.no fekk nokre kommentarar på spørsmål om korleis dei såg på vaskedugnaden.

- Det er koseleg å få hjelpe til, seier Sara Emilie Lauvstad.

Magnhild Lidal ynskte å vere effektiv og bli fort ferdig.

- Vi veit kva vi skal gjere, så dette går bra. Men vi fortenar julefesten etterpå, seier ho.