Dysleksivenleg skule
Kjell Morten Håland • August 17, 2019
- No er eg veldig, veldig glad, jublar spesialpedagog Hilde Kristine Tepstad.
- Og så er eg veldig stolt over å jobbe på ein skule som tek vare på alle elevar, også dei med dysleksi.
Den 6. august kom meldinga frå dysleksiforbundet at Vestborg vgs har oppfylt krava til å vere ein dysleksivenleg skule.
- Det har vore ein lang prosess. I forkant av søknaden, så var det ein heil del kartleggingsarbeid som måtte gjerast. Sjølve søknaden sende vi i byrjinga av førre skuleår. I januar fekk vi svar, og deretter fekk vi besøk av ein representant frå forbundet. Han snakka med administrasjonen, lærarar og elevar. I etterkant kom det ein del innspel og tips kva vi burde gjere vidare. I mars sende vi av garde ein oppdatert søknad, og no i august fekk vi mail om at vi hadde fått godkjenning.
- Kva vil det i praksis seie å vere ein dysleksivenleg skule?
- Mange av tiltaka hadde vi inne som rutinar frå før, med det å vere ein dysleksivenleg skule tyder at vi skal byggje opp under behova til dyslektikarane. Det kan til dømes vere å gje denne elevgruppa lydbøker, retteprogram og tilrettelegging under munnlege prøver.
Hilde understrekar stor takksemd til kollegaer for at søknaden har gått gjennom.
- Eg har mange gode kollegaer som har hjelpt til på ulikt vis i søknadsprosessen. Vi hadde aldri kome dit vi er no om ikkje vi hadde løfta i flokk, seier ho.