Opningsfest 2019
Kjell Morten Håland • August 17, 2019
No er skuleåret 2019-20 i gang på Vestborg. I dag har det vore innsjekking, infomøter og fest på tunet.
Inspektør Bodil Breivik Bø leiar festen på trygt og godt vis. Sofie Yri Aaberg og Therese Fylling song vent, og rektor Håkon Hovda kom med ei helsing.
Regionleiar i Misjonssambandet, Jon Ove Holen, haldt andakt over Jesu si bergpreike. Festlyden fekk også sjå eit videoinnslag sydd saman av VG3-elev Malene Furnes, samt informasjon om årets misjonsprosjekt av allereie nemnde Therese og Sofie. Dette skuleåret er det Japan som er misjonslandet, og pengane skal gå til til dømes mediearbeid, utdanning av kristne leiarar og evangelisering. Russen har som mål om å samle inn 320 000 kroner.
Festen vart avslutta med nydeleg Vestborg-festmat laga av Dana og co på kjøkenet.
Etter festen var det bli-kjent-aktivitetar for nye elevar og fadrar i gymsalen. Sundag vert det bli-kjend-dag på tunet for alle elevane.
Blir skuleåret like bra som opningsdagen, så har vi mykje godt i vente her på Vestborg!