Nye vindauge på Storfjorden!

Kjell Morten Håland • August 20, 2019
I sommar så har det blitt sett inn nye vindauge på jenteinternatet Storfjorden. Vaktmeister Trygve Habostad har stått i spissen for arbeidet.

- Vi har skifta vindauge på alle elevromma. No vert det betre inneklima, lågare straumutgifter og romma vert lunare. 

Arbeidet vart gjort i fyrste halvdel av sommarferien.

TAKKSAM

Vaktmeister Trygve er ein takksam mann.

- Finansieringa vart mogleg på grunn av støtta skulen fekk gjennom aksjonen «Gi eit vindu». Eg vil gjerne seie tusen takk for alle som har vore med og gitt. Summen som kom inn var også med på å finansiere leigd arbeidskraft. Elles set eg også pris på dugnadshjelpa i prosessen, seier han.