Elevar sine corona-tankar

Kjell Morten Håland • April 1, 2020
VG3-elev Steffen Savland (til venstre på biletet ovanfor) har fått på trykk, i avisa Firda, nokre tankar han har om tida vi er inne i:
https://www.firda.no/synspunkt/med-skulebenken-heime/o/5-15-974583

VG1-elev Lotte van Oorschot (i lilla og kvit genser på biletet nedanfor) sin tekst har blitt delt med elevane, men vert her tilgjengeleg på heimesida vår.

«Vi er inne i en absurd tid der mange nok ikkje heilt veit kva ein skal gjere av seg, og derfor fort ende opp i sofaen med ein serie gåande. Vi kjenner nok alle på ein viss bekymring og usikkerhet som er heilt forståeleg, men eg trur det er viktig at vi ikkje blir sittande i bobla og heller gripe den muligheten som vi har no. Der vi først og fremst må lage heilt nye rutiner med tanke på all den tida som plutselig er til overs. Heimeskule som er heilt nytt for dei fleste, vil fort sette disiplin og struktur på prøve. Til tider vil det nok kjennast tungt og kjipt, men eg trur heller vi burde sjå på det som en mulighet. Ein mulighet til å lære oss å jobbe strukturert med skulearbeid noko som vil lønne seg, uansett om det er snakk om heimeskule eller ein vanleg skulekvardag med heimearbeid. Mest av alt er det ein utrulig bra mulighet til å forberede seg til vidare studier og livet som student. Utanom skulearbeid er det mykje tid til overs, og Netflix blir fort det det går i, dag inn dag ut. Eg tenke at vi igjen burde sjå det som ein unik mulighet til å gjere ting ein ellers ikkje prioritera eller hadde hatt tid til. Ta tid til deg sjølv, tenk over kva du har lyst til å bruke den verdifulle tida di på, kva som gjer deg glad og gir deg energi, kven vil du tilbringe meir tid med, og kva vil du forandre med deg sjølv slik at du blir den beste versjonen av deg sjølv. Viktige moment det er viktig å ta seg tida til å tenke godt igjennom, for det vil gjere ein så stor forskjell og det vil gjere at du setter meir pris på livet generelt. Eller heilt konkrete ting som for eksempel å ringe nokon du er glad i og ikke har snakka med på lenge, lese bøker om noko du kunne tenke deg å studere seinare, lære deg noko nytt, bruke tid med familien din. Det er så mykje ein kan gjere no i denne tida, og eg trur det er så enormt viktig at vi brukar det til noko viktig. Ikke ta opp mobilen din det øyeblikket du kjeda deg, sitt heller for deg sjølv og la tankane dine underholde deg og tenk over dei viktige tinga her i livet. Det er det som betyr noko.»