Om middag-samvere i "gamle" dagar

Kjell Morten Håland • April 15, 2020
VG3-elevane Ane Holm , Oda Brunstad og Synnøve Bjørkavoll sit ofte igjen i matsalen etter middagar.

I byrjinga av mars fekk vestborg.no ein prat med jentegjengen.

- Korleis har det seg at de ofte har laaange middagar?

Oda: - Middagen fungerer som ei bru mellom skule og lekser. Det er ikkje vits å stresse med middagen når ein kan prate med folk. Vi har alltid eit eller anna å snakke om, og då er det dumt å avbryte samtalar berre fordi ein er ferdig med å ete. 

Ane: - Middagen blir ei sosial tid for oss.

- Kva kan samtalane dreie seg om?

Synnøve: - Til dømes kan vi snakke om dialektar – om korleis vi seier eit ord på ulikt vis.

Ane og Oda: - Ja, det er veldig kjekt å diskutere. Desse avbrekka i dagleglivet er ein av dei tinga vi kjem til å sakne mest med når vi er ferdige på Vestborg. Til neste år skal vi truleg gå på bibelskule, så då må vi finne andre vi kan sitje saman med etter middagen.

- Er det noko du, Synnøve, vil seie til slutt?

- Nei, det er Oda og Ane som har sagt det som skal seiast. Og det er akkurat sånn det brukar å vere, seier Synnøve og smiler.