Fyrstehjelpsførebuing til russetida

Raudekrossen på Stranda haldt fyrstehjelpskurs for Vestborg-russen måndag denne veka.
Åshild Bogstad Stenberg, som også er lærar på Vestborg, og Christine Rørhuus-Øie var med som instruktørar.
Dei gav grunnleggande undervisning om ulike situasjonar ein kan kome bort i og kva ein kan gjere for å hjelpe. Det vart sett litt ekstra fokus på russetida og kva som er typiske uhell og situasjonar som er knytt til denne tida. Etter teoridelen fekk elevane øve på å legge kvarandre i sideleie samt hjarte-lungeredning på dokker. Så her var det «learning by doing».




