- Vi vil tilbake til Tyskland!

April 16, 2026

I fleire tiår har vg2-elevane ved Vestborg reist til Roma på klassetur. I år gjekk turen til Tyskland. Madelen Hanken frå Sula og Guri Bjerkeli Berild frå Innfjorden i Rauma er blant elevane som nettopp har kome igjen frå klasseturen.
 
- Vi har hatt det veldig bra og lært mykje, til dømes har vi hatt fagleg fokus på Martin Luther og på 2. verdskrig. Men vi har også fått eit større innblikk i tysk kultur, samt det å ta seg fram på ukjente stader, seier dei.
 
Klasseturen var på 7 dagar. Dei drog med buss, ved midnatt natt til onsdag 8. april, til Oslo. Deretter tok dei ferja til Kiel, før dei drog til Eisenach og Erfurt, som ligg midt i Tyskland. På veg nordover igjen køyrde dei nordaustover og fekk dei nokre dagar i Berlin, før dei fór på heimveg.
 
I Eisenach ligg slottet Wartburg, der Martin Luther var då han omsette Bibelen til tysk etter å ha blitt lyst fredlaus av Riksdagen i Worms i 1521.
 
- Det var heilt uverkeleg og flott å få vere i Wartburg der Luther omsette heile Bibelen på berre 10 veker. Vi opplevde det også veldig fint då vi alle song «Velsignelsen» i kyrkjerommet. Det gjorde sånn inntrykk på guiden vår at ho blei rørt, fortel dei.
 
I Erfurt studerte Luther teologi, og han var munk i augustinarklosteret i byen frå 1505 til 1511. Her var elevane på byvandring. Erfurt er ein av Tysklands best bevarte middelalderbyar.
 
- Synet av dei vakre bygningane samla på ein stad gjorde eit sterkt inntrykk. Kvart hus hadde si eiga historie, seier Guri
 
Dei dagane dei var i Berlin stod til dømes fotballkamp, konsentrasjonsleiren Sachsenhausen og vitjing av Berlins jødiske kvarter på programmet.
 
- Vi såg kampen mellom Hertha Berlin og Kaiserslautern på Olympiastadion i 2. Bundesliga. Hertha tapte 0-1, men det var kjempestemning med 53 000 på tribunen! Spesielt laga Hertha-fansen i eine svingen mykje lyd.
 
I Sachsenhausen var rammene annleis.
 
- Det gjorde inntrykk. Eg slit med å ta inn over meg dei grusomme tinga som skjedde der – og kor vondskapsfullt leiren var organisert, seier Madelen.
 
- Kva sit de igjen med etter turen?
 
- Lærdom om Luther og om 2. verdskrig, men også fellesskap. Desse dagane fekk vi snakka med andre som vi ikkje snakkar så mykje med til vanleg. Vi har hatt det veldig, veldig kjekt! Dessutan oppdaga vi at Tyskland har mykje å by på. Vi vil definitivt tilbake!