Rekordsøknad til Vestborg!

Måndag 2. mars gjekk søknadsfristen til vidaregåande skule ut.
Tala viser at heile 174 elevar har Vestborg på fyrste plass på prioriteringslista si. Statistikkgrunnlaget vårt går tilbake til 2013, og den førre rekorden var på 104. Det var i fjor – altså ei auke på 39 %.
Til saman har 78 elevar Vestborg på fyrste plass til neste års vg1, og også det er ny rekord.
Den førre bestenoteringa strekk seg attende to år i tid, og den var på 53.
Søkjarane i vg1 fordelar seg på
42 på studiespesialiserande
36 på idrett
Også påbygg har fått god søknad, for 16 elevar har Vestborg på fyrste plass i denne søkjargruppa.
Her kjem resultata i tabell:
| Trinn og retning | Søknadar pr mars 2026 | Førre rekord |
|---|---|---|
| Vg1 - studiespesialiserande | 42 | 28 (2024) |
| Vg1 - idrett | 36 | 25 (2024) |
| Vg1 - til saman | 78 | 53 (2024) |
| Påbygg | 16 | 18 (2014) |
| Totalt - vg1, vg2, vg3 og påbygg | 174 | 125 (2025) |
I skrivande er det ikkje bestemt kor mange elevar ein tek inn til hausten. Det har hovudsakleg med fordeling av internatplass å gjere. Skulen reknar med å få ei oversikt over dette i løpet dei aller nærmaste vekene, og deretter kan ein sende ut dei fyrste tilboda om plass.




