Vestborg-elevar på prøve-VM i Falun!

March 5, 2026

Vestborg hadde i helga ein føretropp på plass i under prøve-VM i Falun. Det var for å bli kjend med lokasjonar og arrangørar. Vestborg-elevane og personalet skal nemleg jobbe som funksjonærar under neste års ski-VM.
 
Elev Laura Slørdal (nr 2 frå venstre på biletet over) var veldig nøgd med opplevinga under World Cup-arrangementet i helga.
 
- Det var ei veldig lærerik og bra helg. Til dømes lærte vi kor viktig dugnad er for å få eit så stort arrangement til å gå rundt. Det er mykje meir enn ein anar som går føre seg i kulissane, og det var kult å få innblikk i noko av dette. På eine avdelinga vi var på hadde dei til dømes ei stor tavle. Der kunne alle skrive ting som burde forbetrast innan VM. Det viser at dei jobbar systematisk for å førebu seg til verdsmeisterskapen. Elles har vi blitt kjende med kva oppgåver som finnast, og vi har fått oversikt over skistadion-området. Dessutan har vi blitt kjende med andre funksjonærar. Det var kjekt å høyre «vi hörs nästa år» før vi reiste, seier Laura.
 
- Kva for høgdepunkt vil du trekke fram?
 
- Det var stas å få møte Jessie Diggins, Frida Karlsson og Johannes Høsflot Klæbo, men det var også veldig kjekt å møte dei hyggjelege funksjonærane vi jobba saman med, avsluttar ho.

PS! Nedanfor finn du bilet-glimt frå helga:

Johannes Høsflot Klæbo, tidenes vinterolympiar, saman med (frå venstre) David Fiskerstrand, Ingrid-Elise Aaberg, Kornelia Lillestøl, Laura Slørdal, David Lundanes og Leander Nygaard.

Heidi Weng

Kristine Stavås Skistad

Amerikanske Jessie Diggins

Sveriges Frida Karlsson

Svensk publik

Sprint i gyldne omgjevnadar

Her er gjengen saman med sjølvaste Chatarina Eriksson - leiaren for dei friviljuge i Falun!