Vestborg skal til VM på ski i Falun!

No før vinterferien vart det vedteke i styret at Vestborg-elevane skal til ski-VM i Falun i 2027! Det tyder at alle elevar, både elevane ved idrett og ved studiespesialiserande, skal til Sverige komande vinter for å jobbe som funksjonærar.
Under VM på ski i Trondheim i fjor var heile skulen på plass og trødde til med ulike funksjonæroppgåver. No ser det altså ut til at vi får til eit liknande samarbeidsprosjekt med arrangørane av VM i Falun. Her kan det nemnast at det er eit atterhald; og det er om ein klarar å samle inn nok pengar til å dekke reise- og opphaldsutgifter.
Allereie etter vinterferien, frå 27.2 til 2.3, reiser seks elevar og to lærarar til Falun under prøve-VM. Føremålet er å bli betre kjend med omgjevnadane og med arrangørane.
Rektor Jon Ove Holen har dette å seie om Falun-prosjektet.
- I fjor vinter var elevane våre funksjonærane under ski-VM i Trondheim. Det vart ei stor oppleving for både elevar og personalet. Vi fekk også veldig god tilbakemelding frå arrangørane på innsatsen til våre elevar. Difor undersøkte vi om Falun-VM var interessert i et tilsvarande samarbeid. Dei var positive til dette, og dei siste månadane har Falun-VM jobba for å legge til rette av vi kan kome med alle elevane våre.
- Kvifor vel skulen og satse på dette prosjektet?
- Tilbakemeldingane frå elevane etter Trondheim-VM var veldig, veldig gode. Dei opplevde det flott å få reise på tur med heile skulen, og nye relasjonar vart bygde. Vi ynskjer med vår deltaking i Falun-VM å legge til rette for at elevane lærer verdien av dugnad, og vi trur vi styrkjer fellesskapen på tvers av klassane. I tillegg er dette prosjektet ein god måte å oppfylle overordna del av læreplanen: Folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, samt berekraftig utvikling.
Den 1. mars går søknadsfristen ut for å søkje på Vestborg. Dermed kan det vere eit poeng å nemne dette:
I tillegg til å få oppleve «trivsel» og «støtte frå lærarane» i noregstoppen*, så kan neste års elevar får oppleve eit ski-VM i Sverige frå innsida. 😊
*Elevundersøkinga:





