Tekjøkkenpraten: "Vestborg-mamma" Mildrid Valle

Mildrid Valle, busett på Vestnes, har hatt dottera Bertine på Vestborg i 1 ½ år. Spalta du no les i heiter «Tekjøkkenpraten», men rett skal vere rett: Denne samtalen gjekk føre seg over telefon. Her er samtalen vi hadde i skriftleg form – der Mildrid skildrar si oppleving av å vere «Vestborg-mamma».
- Det er veldig trygt og godt å ha jenta si på Vestborg – og det er fordi eg veit at det er nokon i miljøet som ser jenta mi. Då tenkjer eg på både tilsette og medelevar. Skulekvardagen er strukturert og føreseieleg, og ho får vere i eit levande miljø. Både miljøarbeidarar og andre tilsette legg til rette for aktivitetar tilpassa ulike interesser, og dessutan finn elevane på kjekke ting å gjere seg i mellom.
- Kva for forventningar til Vestborg hadde du før jenta di byrja?
- Eg hadde forventningar om at ho skulle få ei god skuleoppleving. Det har ho i høgste grad fått. Mitt inntrykk er at skulen er tolsam og let elevane få tid til å finne sin plass, samtidig som er støttande i prosessen. I alle fall likar Bertine seg så godt på Vestborg, at ho er nesten ikkje heime. Det hender rett som det er at ho tek kontakt og seier «eg kjem ikkje heim i helga no heller». For ei mamma er det litt både òg, men eg gler meg over at ho trivast så godt.
Mildrid fortel at det å ha jenta si på Vestborg har fått konsekvensar for ho og mannen Ronny.
- Vi har som foreldre opplevd oss velkomne på Vestborg. Skulen var rett og slett ukjend for oss fram til vi googla «Internatskule i Møre og Romsdal». Men gjennom dei ulike festane og anna kontakt, så formidlar skulen kristne verdiar. Det har gjort at vi som foreldre har fått eit nærmare forhold til kristne verdiar og til Jesus. Ja, det har blitt ein del av oss og ein del av vår kvardag, seier Mildrid.
- Vi vil gjerne tilrå andre foreldre å vurdere skulen for tenåringen sin. Vestborg og internatskule er eit kjempefint alternativ!




