Elevundersøkinga: Vestborg er landets 7. beste i trivsel!

February 5, 2026

Elevundersøkinga er obligatorisk for alle vg1-trinn i landet. Difor er det naturleg å ta utgangspunkt i vg1-resultata i presentasjonen av tala.
 
Og les gjerne her!
 
I kategorien «Trivsel» er Vestborg nr 7 med 4,6 poeng.
I kategorien «Støtte frå lærarane» er Vestborg nr 8 med 4,5 poeng.
I kategorien «Elevdemokrati og medverknad» nr 6 med 4,0 poeng.
 
I dei andre kategoriane scorar Vestborg også godt.
Til saman er Vestborg den 9. beste vgs-skulen i landet med 4,24 av 5.0 poeng!
 
Rektor Jon Ove Holen er veldig nøgd med resultata.
- Dette syner at resultata dei føregåande åra ikkje berre var eit blaff. Som rektor opplever eg at det er etablert ein veldig god kultur på skulen, og eg gler meg over at elevane uttrykker at dei har høg trivsel og stor støtte frå lærarane. Samstundes vil eg gje nettopp elevane veldig mykje ros for måten dei skapar trivsel rundt seg i kvardagen med relasjonelle og gode val.
 
- Kva er årsaka til dei gode resultata?
 
- Det er fleire årsaker til det. Vi er ein kristen internatskule med relativt få elevar. Dessutan er det etablert ein kultur på skulen der vi arbeider aktivt med dei fem verdiane våre; tillit, omsorg, tru, relevans og eigarskap. Mykje av fundamentet i denne kulturen ligg i eit hefte som vi legg på romma til elevane ved skulestart; «Velkommen til vår skole». Heftet gir elevane rettleiing i korleis dei sjølve kan skape god trivsel. Døme på det er å helse med namn, gje ros med grunngjeving og lytte med oppriktig interesse – samt at det er lov å feile. Dessutan gjer personalet ein veldig, veldig god jobb med elevane, og som eg sa i stad; elevane sjølve gjer ein veldig god innsats med relasjonelle og gode val, seier rektor Holen.

Vg2 og vg3 scorar veldig høgt
 
Vg2 og vg3 også har veldig, veldig gode resultat i undersøkinga.
 
Vg2 har landets beste trivsel av alle trinn på alle vgs-skular i landet med 4,9 av 5,0 poeng!
Dei er på 2. plass blant alle vg2-trinn i landet i «Støtte frå lærarane», «Læringskultur», «Elevdemokrati og medverknad» og «Felles reglar».
Til saman er dei det beste vg2-trinnet heile landet med 4,47 av 5,0 poeng.
 
Vg3 er best i landet av alle vg3-trinn i kategoriane «Meistring», «Felles reglar» og «Støtte heimanfrå». I kategorien «Støtte frå lærarane» ligg dei på 2. plass, det same gjer dei i kategorien «Elevdemokrati og medverknad».
På grunn av anonymiseringsreglar syner ikkje resultatet for vg3 i kategorien «Trivsel», men snittet på dei 9 andre kategoriane plasserer dei som landets nest beste vg3-trinn.