Tekjøkkenpraten: Johanna Roksvåg Torkildsen

Johanna frå Volda slår fast:
- Eg tilrår Vestborg på det aller, aller sterkaste!
Det var fyrst sommaren før vg1 at Johanna bestemte seg for å bli Vestborg-elev. No, 2 ½ år etter, er ho svært, svært takksam for valet ho gjorde.
- Dersom nokon den sommaren hadde sagt til meg at det finnast ein kristen skule med SÅ godt miljø, så hadde eg ikkje trudd det var mogleg.
- Kvifor har tida på Vestborg vore så god for deg?
- Ein viktig årsak er klassemiljøet. Vi har ein utruleg fin klasse, og det gjer at ein kan vekse som menneske. Ein annan viktig grunn at Vestborg er ein internatskule. Her blir vi kjende med – og bur saman med - mange ulike typar menneske. Det er veldig lærerikt, og til dømes så lærer ein å tolerere andre. Samstundes er det også rom for å trekke seg tilbake og vere åleine om ein treng det. På Vestborg har eg opplevd ein fin balanse mellom å vere sosial og ha åleinetid.
- Kva har Vestborg betydd for deg?
- Vestborg har betydd nesten alt! Her har eg blitt kjend med medmenneske på eit djupare plan, og eg har fått vener for livet. Eg var spent før eg byrja, men det gjekk kjempefint frå dag 1. Dessutan har det vore veldig spennande å gå i vg3. Eg har fått vokse mykje som menneske og lært mykje om leiarskap.
Johanna har fått leiaransvar for misjonsprosjekt, «Kilden», for ei av bibelgruppene, og ho er med i styret for skulelaget på Vestborg
- Misjonsprosjektet handlar om at russen og elevane ved skulen samlar inn pengar til eit prosjekt. I år var det til inntekt for Japan. Det er ei veldig gøy oppgåve, men også utfordrande fordi det ikkje er ei oppskrift på ting, men vi må finne ut av ting sjølve. Det er også kjekt å merke at klassen er engasjert, og vi set pris på å få bruke russetida på noko som kan vere til hjelp og glede for andre, som til dømes å støtte teologisk utdanning og kyrkjevekst i Japan. Saman med Andreas Haram, den andre misjonsprosjektleiaren, fekk eg reise til Japan. Det er eit fantastisk land. Eg vil gjerne tilbake – og også sjå korleis det går med prosjekta vi samla inn pengar til.
- Kva er «Kilden»?
- Det er ein kristen jenteklubb vi har her på Vestborg. Vi samlast kvar sundag, og nesten alle jentene er med. Då går me i djupna av tema i kristendomen som tilgjeving, fordøming og nestekjærleik. Fyrst samlast alle, men etterpå går vi i våre faste smågrupper og deler personlege ting, om tru og liv. Eg må også nemne at gutane har eit tilsvarande opplegg; «Warzone».
Medan me snakkar om «Kilden» kjem Emma Kleiven Hjelme innom kjøkkenet for å ordne seg litt mat, og seier:
- «Kilden» er veldig bra! Der er ein god plass å vere opne og ærlege med kvarandre, seier ho.
Johanna held fram med å snakke om Laget.
- Vi har skulelag på Vestborg, og vi møtast ein gong i månaden. Ein fin ting her er at vi elevane får ansvar for møta. Då har vi andakt, lovsong, leik og snacks – og av og til har vi besøk av talarar. Det er veldig gøy at vi elevar sjølve får ta ansvar, for eg opplever vi veks både i trua og som menneske – på ein trygg måte. Eg vil også skyte inn at elevane på skulen er engasjerte på ulike vis. Eit døme på det er William Reitan. Han arrangerer Vestborg-OL for elevane. I løpet av året konkurrerer ein i ulike aktivitetar som til dømes stafett-triatlon, volleyball og handball. Andre har starta opp eit lokallag for målungdomen, og elles har vi eit aktivt lokallag for KrFU. Eg vil også nemne bibelgruppene vi har, Bible Revival. Der får elevane høve til å bli meir kjend med tru og med kristendomen. Det som er fint er at ein også kan vere med utan å vere kristen – og at det er lov å stille spørsmål om det ein lurer på. Eg vil også nemne at vi har miljøarbeidarar som legg til rett for aktivitetar. På Vestborg er det mykje å gjere, og det er mykje som skjer.
- Må ein vere kristen for å gå på Vestborg?
- Eg opplever at skulen har kristne verdiar i botn, men er veldig open for ulike meiningar. Det gjer at ein ikkje treng å vere kristen å gå her, men kan trivast her likevel – fordi her er høg forståing og respekt for at andre kan tenkje annleis enn seg sjølv.
- Du har vore på Vestborg i 2 ½ år. Korleis har di Vestborg-reise vore hittil?
- Eg har lært å setje pris på friluftsliv - på fjella og på naturen. Det er fint å få oppleve noko av den finaste naturen på Vestlandet. Elles har eg på Vestborg hatt vaksne å snakke med når det har vore noko – trygge vaksne som vil meg vel. Det har betydd veldig, veldig masse for meg. Lærarane er veldig gode, og har god moral. Undervisninga deira reflekterer trua, og vi kan diskutere dei kristne verdiane med dei. Generelt sett vil eg seie at på Vestborg bryr ikkje lærarane og personalet seg berre om det faglege og timane, men dei bryr seg også om kva elevane er opptekne av – og dei er villige til å lytte! Utan Vestborg har eg vore ein heilt annan plass når det gjeld trua mi. Her har eg fått vekse både i tru og som menneske – i trygge omgjevnadar.
Ho held fram:
- På Vestborg har eg vokse med nye oppgåver etter som eg tida har gått. Skulen legg opp til at elevane skal få vekse i det tempoet som passar den enkelte. Eg hadde ikkje vore så trygg på meg sjølv utan Vestborg. Her ser ein enkeltpersonar og vil leggje til rett for personleg vekst – og elevane får lov å vere seg sjølve. Personalet og lærarane viser stor forståing for at det er forståeleg å gjere feil. Ein annan ting dei er gode til, som eg set pris på, er at dei tek opp ting som dei sjølv har gjort feil eller ikkje er gode på. Det gjer det trygt for at det er lov å prøve og lov å feile.
Eg sit att med sååå mykje godt etter Vestborg, at det er heilt sjukt! Eg kjem til å snakke varmt om Vestborg resten av livet!




