Om kick-off: -Veldig, veldig kjekt!

Tiril Ramstad, Deborah Remøy og Tora Haberberger er på kick-off. Her får du skildringar av korleis dei har hatt det hittil i helga:
Tiril Ramstad
- Eg har hatt det veldig bra! Alle er snille med kvarandre, og vg1- og vg2-elevane kjem bort til oss for å snakke med oss. Av aktivitetane likte eg spesielt godt «Australian Linedance». Elles får vi denne helga høve til å sjå korleis det er å gå her. Det er veldig positivt.
Deborah Remøy
- Det er veldig, veldig kjekt å vere her! Eg var på hospitering i november, og no er det fint å sjå Vestborg-elevane igjen. Eg likte spesielt godt alle aktivitetane. Dei gjorde at eg har blitt kjend med nye. Elles så merkar eg at det her er eit bra kristent miljø.
Tora Haberberger
- Det har vore kjempekjekt! Vi har blitt tatt veldig godt i mot av elevane på Vestborg. Her er det ein skikkeleg godt miljø!




