Kick-off er i gang – med ny deltakarrekord!

Fredag kveld var det kick-off på kick-off, Vestborg si bli-kjent-helg. Ungdommar som vurderer å gå på skulen vår til hausten er samla for å bli kjende med skulen, årets vg1 og vg2, samt potensielle klassekameratar frå hausten av.
Fredag kveld hadde miljøarbeidarane Ruth Helen Haram, Signe Hals og Samuel Fiskerstrand ansvar for bli-kjent-aktivitetar. Kick-off-gjengen imponerte med engasjement og vilje til å helse på og bli kjende med dei andre deltakarane.
Etterpå hadde vg2-elev Daniel Johan Nome ei andakt om sårbarleik. Det var ei andakt som trefte, for kick-offerane følgde usedvanleg godt med.
Kvelden vart runda av med fri aktivitet, men dei fleste var samla i russekiosken for quiz, brettspel og prat.
Laurdag har det vore uteaktivitetar med miljøarbeidarane, pinnebrød-grilling og omvising.
I kveld vert det eit skikkeleg høgdepunkt: Elevkveld, der eit av innslaga er «Grab the mic».
Og i morgon står Strandafjellet for tur for veldig mange av kick-off-deltakarane.
Til saman er det ny rekord. Den tidlegare rekorden var på 58, men denne helga er det 61 ungdomar på kick-off.
Gildt!
Nedanfor finn du bilet-glimt frå bli-kjent-helga.

På denne leiken skulle gruppa ha eit konkret tal bein i bakken. For å lukkast måtte ein ty til kreative løysingar

Her skulle ein unngå å lage same jungeldyr-imitasjon som leiaren

Under andakta til Daniel Johan Nome var konsentrasjonen på topp

Fullt fokus under leiken "ultimate frisbee"




