Julefest, julelunsj og juleferie

Etter at elevane hadde hjelpt Vestborg økonomisk ved å vaske ned fellesareal i skuletida på torsdag, var det duka til julefest i gymsal kl 17.
Vg2 hadde laga til eit veldig flott program – bunde saman av dei to dyktige programleiarane Bertine Aas og Linde Ulstein. Låtten slo i taket gong etter gong i løpet av festen, og stemninga var god.
Dana & co på kjøkenet sto for både god middag og god kaffimat.
Eit av høgdepunkta var juletregongen. Det må vere få stader i Noreg der songen og gongen rundt juletreet er like entusiastisk! Som ein i personalet sa: «Det er såå kjekt å sjå kor elevane kosar seg! Det ser ut til at dei er ein einaste stor familie!».
Fredag var det volleyballturnering og felles lunsj, før elevane for heim kvar til sin stad.

Vg2 stilte med kor!

Elevane i salen skal gjette kva julesong lærar Jonas Hesthaug prøver å spele på pamfløyte, eit instrument han nok ikkje hadde handtert før.

Festlyden samla til julefest




