Haustfest

November 1, 2025

Laurdag 1. november var det haustfest på tunet. Dagen byrja ikring kl 11med at kontaktlærarane har foreldresamtalar utover dagen.
 
Kjøkenet diska opp med enkel og god middag, før det var klassevise foreldresamlingar kl 15.45.
 
Høgdepunktet, sjølve haustfesten, byrjar kl 17 og salen var, som ein kan sjå på biletet, fullsett. I år var det vg3-elev Jorian Buist som stod for stødig og god leiing. Storparten av elevflokken var med på eit elevinnslag som fekk fram låtten i festlyden. Rektor Jon Ove Holen helsa og framheva elevane sin gode eigenskap med å vere gjestfrie, og forelder Ingeborg Lid Berget hadde kveldens andakt – om korleis vere eit ljos i verda.
 
Elles var det informasjon om årets russe- og misjonsprosjekt, videoinnslag og fellessongar.
 
Alt i alt ein solid og flott fest – der festlyden kosa seg med festmat og gode drøsar.

Bra trøkk på elevinnslaget!

Forelder Ingeborg Lid Berget - om korleis vere eit ljos i verda.