Møre Ålesund-besøk på Vestborg

October 28, 2025

Avgangselevane ved Møre Ålesund er på klassetur desse dagane. Dei har vore på bedriftsbesøk på Ekornes-fabrikken i Sykkylven, og i skrivande stund er dei på Vestborg. Gjengen skal også overnatte. Dei er ikring 50 elevar.
 
Kontaktlærar Anna Hagesveen let vel over å få vere på Vestborg.
 
- Vi har blitt veldig godt motteke, og opplegget er kjempefint. Akkurat no er det volleyballturnering i gymsalen. Det er spesielt artig at laga er ein miks av både elevane våre og Vestborg-elevar, så dette er bra, seier ho.