Haustfestdag

Åshild Stenberg • November 8, 2026

Nok ein flott haustfestdag på tunet

Laurdag 7. november var det igjen fullt på tunet på Vestborg. Småsøsken, foreldre og besteforeldre hadde teke turen til skulen for den årlege haustfesten.

Før festen i gymsalen var det foreldresamtalar med kontaktlærarane, informasjonsmøte om dysleksi, middag og informasjonssamlingar i dei ulike klassene.

Daniel Johan Nome frå vg3 idrett og Solveig Kamila Olsen Barreth frå påbygg leia forsamlinga gjennom kvelden med godt humør og glimt i auget. Rektor Jon Ove Holen helsa forsamlinga, Per Arne Sve heldt andakt, og eitt av lovsongsteama leia forsamlinga i to songar. Julia Wilczura song og spelte piano for dei frammøtte.

Forsamlinga fekk òg ei videohelsing frå Vegard Aasbø og Kornelia Maria Lillestøl, som har ansvar for misjonsprosjektet. Dei er no i Elfenbeinskysten for å besøkje prosjekta som Vestborg-russen samlar inn pengar til.

Etter programmet i gymsalen heldt kvelden fram med kveldsmat, kaffi, kaker og god tid til prat rundt borda.