Rekrutteringsarbeidet for komande skuleår i gang

Utan elevar stoppar Vestborg opp. Difor blir det kvart år jobba for å gjere skulen kjend for potensielle søkjarar. Ei viktig oppgåve i rekrutteringsarbeidet er å stå på stand på utdanningsmesser og karrieredagar.
Onsdag før haustferien var det ei stor messe i Sparebanken Møre Arena for 10. klassingar.
Der var det godt å få god hjelp frå denne gjengen: Ingrid-Elise Aaberge, Lykke Sofie Reitan, Kornelia Maria Lillestøl og David Lundanes



