Kvardagsglimt: Gjest Gunnar Hamnøy

September 23, 2026

 I løpet av eit skuleår så kjem det mange innom Vestborg på besøk. Det vere seg til dømes familie, bibel- og folkehøgskular og talarar.
 
Førre veke kom forretningsmannen, barneheimsbyggaren, Afrika-venen og evangelisten Gunnar Hamnøy innom Vestborg. Denne gongen kom han på vegne av Gideon, som er ein organisasjon for kristne forretningsfolk som deler ut Bibel og Nytestamentet gratis.
 
På Vestborg hadde Hamnøy andakta på morgonsamlinga, der han fortalde kva Jesus har betydd for han i livet.
 
Etterpå delte han og tidlegare Vestborg-rektor Lars Birger Stige ut eit hendig Nytestamente til elevane våre.