Fagdag på Aker stadion

September 21, 2026

 Fredag i førre veke hadde idrett vg3 fagdag i faget «idrett og samfunn» på Aker stadion. Molde Fotballklubb satsar bevisst på å vere ein aktiv part i samfunnslivet på fleire ulike måtar. Difor legg dei til rette for aktivitetar for til dømes demensråka, innvandrarar, personar med rusproblematikk, funksjonsnedsette og gåfotball for personar i alderen 65+.
 
Dette fekk elevane høyre meir om, samt kor viktig dugnaden er for både klubben og for dei friviljuge i «Stadions venner». Klubben får hjelp til praktiske oppgåver som å vere vakt og ha kiosksal i samband med heimekampar, medan dei friviljuge får symbolsk takk gjennom til dømes friviljug-festar og tur til bortekamp – samstundes som dei får ein plass å høyre til og treffe andre.
 

 Elevane fekk også lære meir om ulike kompetansemål i faget – vinkla opp i mot kva MFK gjorde og tenkte om til dømes likestilling, symbiosen mellom klubben og media, kva Aker stadion hadde å seie for samfunnet og om sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.
 
Arrangements- og mediaansvarleg Per Lianes og gatelagstrenar Truls Nordstrand Jacobsen skal ha ros for måten klassen blei teken i mot på – og me opplevde oss veldig godt ivaretekne.

I tillegg til undervisninga om MFK og samfunnet, la dei til rette for eit møte med trenar Sindre Tjelmeland, omvising på Aker stadion – og endå til vart det spandert pizza, brus og kaffi på oss.

Linnea Roaldsnes Ellingsen frå Molde, ein av elevane, summerer her opp fagdagen.
 
- Det var gjevande å sjå korleis MFK organiserer samfunnsengasjementet sitt på. Eg lærte at klubben har arbeider med mykje meir enn eg hadde trudd. Det vere seg gåfotball for dei eldre, tilrettelegging av aktivitetar for dei som ikkje har så god økonomi, samt draumelaget, som er namnet på integreringslaget. Det viser at klubben jobbar etter Norges Idrettsforbund sin visjon «Idrettsglede for alle».  Eg fekk også stadfesta kor avhengig idretten, og også MFK, er av det friviljuge arbeidet. Elles var det stas å få omvising og få sett i kulissane. Ekstra kjekt var det å sjå garderobane. Vi fekk vite at kvinnelaget sin garderobe nyleg var pussa opp i same standard som herregarderoben, noko som vitnar om at MFK jobbar for likestilling.
 
- Me vart veldig godt mottekne, og fekk både sjokolade, brus og pizza, men også møtet med dei tilsette gjorde inntrykk. Både Per, Truls og trenar Sindre er trivelege personar som bryr seg om menneska rundt seg.
 
- Det var ein koseleg, innhalds- og lærerik fagdag, seier Linnea.

Trenar Sindre Tjelmeland tok seg tid til å snakke med oss



Gjengen på MFK-benken

Garderobe