Ein annleis start på skuleveka

Åshild Stenberg • September 3, 2026

Hyttetur med klassemiljø og Vestborg-verdiar i fokus

Måndag og tysdag denne veka hadde elevane på Vestborg ein litt annan timeplan enn vanleg.

Klassene drog kvar til sitt på hyttetur for å bli betre kjende og bygge klassemiljø.


Vg1 reiste til Brusdalsheimen på Skodje, vg2 til Kaldhusseter i Tafjorden og vg3 til Fjellseter ungdomssenter på Fjellsætra.

Eit hovudtema for turane var dei fem verdiane til Vestborg. Gjennom ulike aktivitetar og undervisning fekk elevane arbeide med tillit, omsorg, tru, relevans og eigarskap.


Mellom dei skulerelaterte aktivitetane vart det god tid til sosialt samvær. Og skal vi tru aktiviteten rundt borda, står både kortspel og brettspel framleis høgt i kurs blant mange av elevane.


Etter mykje regn både i forkant og etterkant av turane var vi også heldige og fekk overraskande fint vêr akkurat desse to dagane. Det kom godt med for dei som våga seg uti: Det blir meldt om frisk badetemperatur både i Nysetvatnet og Fremste Kaldhussætervatnet.


Stemningsrapportane etter turane er gode.

Praten gjekk både i bussane og i sofakrokane, grillmat er som alltid ein suksess på hyttetur, fleire fekk med seg den historiske edsavlegginga til vår nye konge, Haakon VIII – og elevane har fått i seg nok (!) sukker for resten av månaden.


Alt i alt vart det to fine dagar med tid til å bli betre kjende, bygge fellesskap og skape gode opplevingar saman.


Under kjem biletekarusell frå dei ulike turane:

Bileter frå vg1

Bileter frå vg2

Bileter frå vg3