Tilbake på Vestborg – i nye roller

Åshild Stenberg • August 26, 2026

Dei er nye i rollene sine, men langt frå nye på Vestborg

Henriette Hals (23) frå Tennebø, Måløy, er ikkje eit ukjent fjes for mange på Vestborg.


Ho var elev her frå 2019 til 2022, før ho kom tilbake som miljøarbeidar skuleåret 2023/24. At ho trivst på Vestborg, er det liten tvil om – for no er ho tilbake igjen, denne gongen i ei ny rolle.


– Eg går tredje året mitt på Noregs idrettshøgskule for å bli idrettslærar. Som ein del av utdanninga skal vi også ta eit anna undervisningsfag, og eg har valt religion som nettstudium ved Høgskulen i Volda. Dermed er eg ikkje avhengig av å vere verken i Oslo eller Volda.

Då Henriette seint i sommar fekk tilbod om å jobbe som timelærar på Vestborg i faget idrett og samfunn, trong ho ikkje lang betenkningstid. Ho takka ja – og dermed er ho tilbake på skulen der ho sjølv var elev for berre nokre få år sidan.

Men om nokon skulle tru at timelærarjobben er det einaste Henriette styrer med på Vestborg dette året, tek dei feil.


– Eg har allereie vore inne i mange undervisningstimar og observert. Eg ønsker å få mest mogleg erfaring og lære korleis eg kan vere ein god lærar, og korleis eg kan legge opp til god undervisning. Det har vore veldig nyttig så langt.

Etter kvart skal ho også få prøve seg meir på eiga hand.


– Eg vil ha litt meir «skikkeleg praksis», der eg tek over nokre undervisningstimar for andre idrettslærarar og får tilbakemeldingar på kva som fungerer bra, og kva eg kan jobbe vidare med.


Henriette har også fått plass på det einaste ledige rommet på Storfjorden, og tek internatlivet med godt humør.

– Det funkar fint, det!


I tillegg har den tidlegare miljøarbeidaren allereie rukke å vere litt «potet» for miljøteamet og hjulpe til der det har vore behov. Då ein idrettslærar måtte vere heime med sjukt barn, stilte Henriette også opp og tok ein vikartime på sparket. Det er med andre ord ei som ikkje er redd for å ta utfordringar på strak arm.

– Eg vil ta alle moglegheitene eg kan få, slik at eg får mest mogleg ut av dette året.


Og kven veit – kanskje det ikkje er så mange år til Henriette kjem tilbake til Vestborg endå ein gong, då som fast tilsett lærar? Den tanken verkar i alle fall ikkje særleg skummel – verken for Henriette eller for oss.



Geir Magne Engås – treng han eigentleg å introduserast?


Han er i alle fall tilbake på Vestborg for fjerde – eller kanskje femte – gong. Geir Magne har lang fartstid på skulen, først som lærar og deretter gjennom 12 år som rektor. Etter mange år på Vestborg gjekk ferda vidare til Kenya for han og familien, før koronapandemien førte dei tilbake til Noreg.


Og kvar hamna Geir Magne då? På Vestborg, sjølvsagt. Denne gongen som både lærar, vaktmeister og altmoglegmann – eller «potet», om du vil.

Etter kvart gjekk turen vidare til Bergen, der han dei siste fire åra har jobba som avdelingsleiar ved Danielsen ungdomsskule. Men no er altså Geir Magne tilbake på Vestborg.


Denne gongen deler han arbeidsveka mellom to roller, som administrasjonsleiar i 50 prosent stilling og lærar i 50 prosent.

Som lærar skal han mellom anna undervise i eit heilt nytt fag på Vestborg: Entreprenørskap.


– Det er eit spennande fag, og eg trur det kan bli kjekt for elevane. Det er nærmare 30 elevar i klassa, så det blir ein spennande haust. Eg har hatt økonomistyring som fag tidlegare, og dette faget handlar også om å starte, drive og avslutte ei ungdomsbedrift. Elevane skal mellom anna lære om marknadsføring, leiing og økonomi.


Som administrasjonsleiar får Geir Magne også nok å henge fingrane i. Her skal han mellom anna arbeide med økonomi, utvikling av bygg og internkontrollar – i tillegg til sikkert både spennande og mindre spennande, men like fullt viktige, oppgåver som dukkar opp i løpet av ein skulekvardag.


Korleis er det å vere tilbake på Stranda?

– Det er veldig kjekt. Eg har sakna fjella og fjorden. Og så er det veldig kjekt å treffe kjentfolk på butikken. Det var ikkje vi vane med i Bergen. Det er jo her vi har mest tilhøyrsle, så det kjennest godt å vere tilbake.


Men huset på Stranda selde familien for nokre år sidan. Så kvar bur de no?

– Vi kjøpte ei hytte på Strandafjellet i vinter, så inntil vidare bur vi der. Så får vi sjå kva som dukkar opp etter kvart.




Vi ønsker både Henriette og Geir Magne velkommen tilbake til Vestborg og ønsker dei lukke til i arbeidet!