- Heilt nydeleg i Roma!

May 15, 2025

Vg2-elevane og syskenborna Aksel August Langtind (frå Oslo) og Anders Steinshamn (frå Ålesund) er strålande nøgde med turen!

 

- Vi hadde ein heilt nydeleg tur. Spesielt kjekt var det å bli betre kjende med kvarandre sjølv om vi kjenner kvarandre godt frå før. Ja, for same kor godt ein kjenner nokon, så lærer ein noko nytt når ein er på tur i lag. Banda mellom oss i klassen vart endå sterkare knytt saman, seier dei.
 

- Kva har de lært?

 

Vi har fått ei utvida forståing over kva kristendomen kan vere. Mellom anna har vi lært meir om katolisisme, til dømes gjennom kyrkjebesøk, som er veldig annleis enn vi er vandt med frå Noreg. Vi har også besøkt synagoge. Der fekk vi også guida tur i museum korleis jødane hadde det i Italia under 2. verdskrigen. Ja, alt i alt så har vi blitt kjende med andre kulturar, og vi har måtta lært å tilpasse oss. Roma-turen blei ei kultur- og læringsreise for oss, seier Aksel.
 
Dei fortel også at dei to fekk ei heilt spesiell oppleving saman med ein slektning av dei.
 
- Vi har ein fjern slektning som er jesuitt og katolikk. Han jobbar i arkivet til jesuittane som ligg like ved Vatikanet. Slektningen viste oss til dømes originale nøkkelskrifter til jesuittane. Dette var med på gje oss innsikt at det finnast ulike syn i kristendomen, seier Anders.
 
Dei set stor pris på at Vestborg legg til rette for ein tur til Roma for vg2.
 
- Dette er veldig bra! Vi har gledd oss lenge, vi har fått styrkt fellesskapet og vi har lært mykje. Her var det mykje «learning by doing», slår Anders fast.