"Skule-på-hjul" for vg1

May 15, 2025

«Skule-på-hjul» er eit konsept som Vestborg årleg har for vg1 elevar.
 
I år fekk elevane flytta klasserommet til Misjonssalen i Ålesund. Der fekk vi innføring av regionleiar Steffen Stensland om Misjonsambandet sitt arbeid. Steffen forklarte kvifor ein skal drive misjon, samt korleis Misjonssambandet forvaltar dette ansvaret regionalt, nasjonalt og globalt. Dermed fekk elevane eit godt innblikk i kva rolle Vestborg har i det store biletet. Elevane fekk oppleve «learing by doing» ved at dei sjølve skulle presentere eit NLM-prosjekt for dei andre – henta frå Prosjektkatalogen. Steffen hadde lagt opp til eit godt opplegg for å vise kva Misjonssambandet er.
 
Deretter fekk vi møte Ålesund kommune i bystyresalen. Der fekk vi god og interessant informasjon frå Anette Weibust Petersen og Karina Sundby om kommunen sine oppgåver, kva type utdanning ein treng for å jobbe i kommunen og kva for tilbod kommunen har til unge – og kva ein gjer for å hjelpe ungdomar med å unngå at dei hamnar i utanforskap.
 
Etter litt fritid i Ålesund, vart det tur til Brusdalsheimen. Der fekk vi god mat, og vi hadde teambuildingsaktivitetar og konkurransar om kvelden.
 
Neste dag var det byvandring med oppgåver, samt vitjing av Waldehuset. Huset blir kalla mirakelhuset etter brannen i Ålesund i 1904. Årsaka er at bebuar Anders Nord hadde fått vitjing av ein engel. Engelen sa at huset skulle bli spart dersom han blei verande i huset under brannen. Han så gjorde, huset blei spart, men alle nabohusa brann ned.
 
Det å ha både fagleg undervisning og det å vere på overnattingstur i lag er ein veldig god kombinasjon. Elevane såg ut til å storkose seg!

Steffen Stensland informerer om Misjonssambandet

Full innsats under ein aktivitet i Misjonssalen

Kommunikasjonsrådgjevar Anette Weibust Petersen orienterar om Ålesund kommune i bystyresalen

Ungdomsleiar Simon Morris har drege i gang sin årlege "Skule-på-hjul"-aktivitet: Sjokomjølk-testen

Brettspel engasjerte

Informasjonen i mirakelhuset Walde-huset gjorde inntrykk