I desse coronatider…

Kjell Morten Håland • March 24, 2020
Her er tankar han har om det å vere heime frå skulen.

- Eg har opplevd det har vore veldig travelt. Det har vore mykje å gjere, kanskje endå meir enn til vanleg. Elles så saknar eg Vestborg veldig mykje. Eg saknar venene, lærarane og den daglege rutinen. På Vestborg kunne ein spørje om hjelp om kva som helst når som helst. Det er litt vanskelegare no. No er det av og til vanskeleg å sjonglere mellom det å gjere skulearbeidet og ta ansvar for familieforpliktingar. 

- Korleis synest du tilrettelegginga frå skulen har vore?

- Det synest eg har vore bra. Eg kunne tenkt meg video-undervisning, men lærarane har vore gode når eg har hatt spørsmål. Elles var det kjekt å sjå ungdomsarbeidar Simon Morris hadde morgonsamling og andakt for oss på youtube.com, seier VG3-eleven

- Du er elevrådsleiar. Er det noko du vil seie i den rolla?

- Dersom det er nokre av de elevar som les dette, så vil eg gjerne seie at det er bra om de opprettheld kontakt med andre Vestborg-elevar. Eg trur også det er lurt å lage ein god plan for kvar dag. Den bør innehalde kva tid du skal arbeide med skule, kva tid du skal ete og kva tid du skal drive med fysisk aktivitet. Dersom du gjer dette, så trur eg at du har på plass viktige element for å gjere ein god jobb under heimeundervisningsperioden.