VESTBORG BLIR STENGD
Kjell Morten Håland • March 12, 2020
Melding frå rektor Håkon Hovda:
Regjeringa vedtok i dag å stenge alle skular og barnehagar i heile Norge. Det gjeld oss også. Difor vil vi i dag sende heim dei aller fleste elevane ved skulen. For dei med lang reiseveg eller som av andre grunner ikkje kan reise i dag, ber vi reise i morgon.
Elevane har også i denne perioden krav på undervisning, noko vi vil legge til rette for. Difor er det viktig at dei tek med seg alle lærebøker og pc heim så dei fortsatt kan arbeide med skulearbeid.
Kvar morgon innan kl 0900 må elevane logge seg på Fronter. Der vil det vere informasjon om lekser, arbeid og liknande som dei må gjere medan dei er heime. Om ein får problem med å logge seg på, må ein straks ta kontakt med fag- eller kontaktlærar.
Stenging av skulen kan verte forlenga.