Espresso-tilbod på Vestborg

Kjell Morten Håland • March 6, 2020
Jarle Isene i russen fortel om både bakgrunnen for og sjølve konseptet:

- Vi i russen samlar inn pengar til prosjektet vårt i Japan, og så har vi tenkt at det å servere kaffi kan vere ein god idé. For ei tid tilbake sette vi oss ned og utvikla ideen, og deretter kjøpte vi inn ulikt utstyr. Mellom anna har vi lagt pengar i ein mjølkeskummar, og vi har kjøpt inn koppar, mjølk, krem og sjokoladesaus, seier han.

- Kva er kundegrunnlaget?

- Vi serverer til dei på skulen som ynskjer litt eksklusiv kaffi – både elevar og personalet.

Han fortel vidare at Magnhild Lidal har laga heimesida for det nye tilbodet. 
https://vespressocoffee.wixsite.com/website

- Vi er veldig godt nøgde med starten. Allereie fyrste dagen fekk vi inn ikring 400 kroner til misjonsprosjektet, seier Jarle.