Kvardagsglimt: Tilsyn
Kjell Morten Håland • March 6, 2020

vestborg.no fekk ein liten prat med Søgni. Vi spurde kva det inneber å ha tilsyn på Vestborg.
- Det aller fyrste eg vil nemne er at vi får bruke tid saman med elevane, og ein viktig møteplass er måltida i matsalen. Den som har tilsyn er også til stades for elevane dersom det skulle oppstå skade eller sjukdom. Ja, i heile tatt vere tilgjengeleg dersom noko skulle oppstå. På mange måtar vert Vestborg ein heim for elevane, og då er det viktig at dei skal kjenne på tryggleik.
Tilsyn har også ansvar for å ta låserunden i kveldinga, samt på ettermiddags- og kveldstid ta i mot telefonar.
- I tillegg til dette har tilsyn ofte andakt på morgonsamlinga, og tilsyn skal sørgje for at det er roleg i leksetida. Elles kan ein godt slenge seg med når det er aktivitetar i russekiosken. Alt i alt får ein møte elevane på ein annan måte enn vanleg når ein har denne oppgåva, og det er kjekt, seier Søgni.