I takksemd

Kjell Morten Håland • June 22, 2020
Då eg sat med førre sak eg la ut på vestborg.no - om personalavslutninga - så kjende eg at eg ville skrive nokre ord - i takksemd. 

Som mange av lesarane veit, så vert eg frå 1. august i år rektor ved Møre barne- og ungdomsskule, Skodje. Dei siste åtte åra har eg vore tilsett som lærar ved Vestborg vidaregåande skule. Det har vore åtte fantastiske år! No vil eg gjerne takke noverande og tidlegare elevar og tilsette ved skulen, samt vener av den skulen som eg har vorte så glad i.

Desse åra har vore ei reise utan om det vanlege for meg. Eg har fått lære så mange gode menneske å kjenne. Tusen takk for alle gode smil, oppmuntringar og lærdomar de har gjeve meg i desse rike åra.

Eg ynskjer Guds signing over Vestborg også i åra som kjem!

I takksemd - og med ei tåre i augekroken
Lars Johan Stokken