Personalavslutning 2020

Kjell Morten Håland • June 22, 2020
Torsdag den 18.6. hadde Vestborg-personalet avslutningssamling for skuleåret på Stranda Hotel. I tillegg til ein god middag, så var det tale og blomeoverrekkjing til dei fem i personalet som skulle slutte.

På biletet ser ein, frå venstre, lærarane Lars Johan Stokken og Line Svenning, som skal over i nye oppgåver etter høvesvis åtte og fire år ved skulen. I midten og heilt til høgre ser ein Simon Hovlund og Håkon Rødseth. Dei har vore lærarar dette skuleåret. Nest lengst til høgre finn ein Håkon Orset. Han har denne skulevinteren vore miljøarbeidar ved Vestborg.

Tradisjonen tru så hadde lærarane Hilde Kristine Tepstad og Line Svenning laga ein utfordrande quiz. I år som i fjor var Eli Anne Hansen, kjøkenmedarbeidar, og Trygve Habostad, vaktmeister, med på vinnarlaget.

Med dette ynskjer vestborg.no god sommar til alle lesarar!