Avslutningsfest 2020

Kjell Morten Håland • June 17, 2020
VG1 og VG2 hadde avslutningsmiddag i går, tysdag, medan avgangselevane avslutta skuleåret i dag med fest. Coronarestriksjonane gjorde at det berre var avgangselevar og personalet som var til stades – i tillegg til dei tidlegare Japan-misjonærane Toril og Lars Haugen.

Toril hadde andakt over den vetle Bibelen i Johannes 3.16 – og ho delte opplevingar frå tida i Japan. Russen kunne overrekke ein symbolsk sjekk til Lars som, på vegne av NLM, tok i mot kroner 360 600,- som skal gå til ulike prosjekt i Japan.

Elles fekk festlyden opplever videohelsing Toril Holm, mor til Ane Marie - ei av elevane.

Lærar Håkon Rødseth klarte å presse inn 35 vitsar på tre minutt, og ungdomsarbeidar Simon Morris vart kåra til æresruss.

VG3-elev Katrine Myrseth rørte mange hjarte då ho i ei helsing uttrykte takksemd for fellesskapen med medelevane sine.

På grunn av coronaen og eksamensavlysning, så kunne rektor dele ut vitnemål på festen. Det var nytt av året.

Avslutningsvis framførte VG1-elevane Henriette Hals og Olianna Johansson Jahn Teigens «Adieu» - før alle stilte seg i ring og song velsigninga.

Så når kjøkenet på sedvanleg vis stilte opp med smakfull mat, ja, då vart det ein minneverdig avslutningsettermiddag på Vestborg.

Simon Morris med æres-russelua - i den oransje Vestborg-fargen.