Velkomen til dugnad!

Kjell Morten Håland • June 11, 2020
Tradisjonen tru er det dugnad på Vestborg i juni. I år er laurdag 20. juni datoen det er mogleg å ta i eit tak for skulen.

På programmet står maling ut og inne, samt luking. Men den største oppgåva er kanskje å ta ut alt utstyret som er på kjøkenet. Inne på kjøkenet skal det leggjast nytt golvbelegg og noverande golvbelegg skal difor røskast ut.

Ein fylgje av dette prosjektet er at det ikkje vert servert varm lunsj under denne dugnaden. Difor lyt ein fiske fram eiga nistepakke når det er lunsj klokka 12.

Dugnaden varer frå kl 09 til 15, og vaktmeister Trygve vonar det kjem viljuge hender til oppgåvene som ventar.

- Vi er veldig glade for all hjelp vi kan få, seier han.