Misjonsløpet 2020
Kjell Morten Håland • June 2, 2020
Skulevåren vart annleis enn ein hadde sett for seg. Mellom anna måtte ein avlyse det tradisjonsrike misjonsløpet i mai. Dette er erfaringsvis ei av dei største inntektskjeldene til russen. Men årets corona-russ har visst råd. Dei fekk rett nok ikkje ja då dei søkte om å bruke Mona – idrettsstadion i bygda, men i staden har dei laga ei løype rundt tunet.
I skrivande stund blir – ein månad for seint – misjonsløpet arrangert. Til tonar frå Bryan Adams «Summer of `69» frå lydanlegget blir løparane heia fram med klapp og heiarop.
Grunna corona-tiltaka har elevane blitt delt inn i ulike puljer med ikring 15 elevar i kvar. Runden dei spring er ikring 500 meter og kvar pulje spring i 30 minutt.
Elevane som spring har sjølve skaffa seg sponsorar, og inntekta går til russeprosjektet som samlar inn pengar til ulike prosjekt i Japan.
Her kjem bilet-glimt frå arrangementet:
Oppvarming!
Jarle i fint driv
Steffen gjer seg klar til litt nedkjøling
Ruben og Andreas tel rundar.