Flåte-byggjar Cornelia
Kjell Morten Håland • May 28, 2020
Som elev på idrettslinja, fekk Cornelia ei fagdag-oppgåve som dreidde seg om: Korleis vere trygg i og rundt sjøen.
Cornelia, som er busett på Vigra, fekk dermed ideen til å lage ein flåte. Med støttande hjelp av pappa Geir Magne og Vestborg-venninne Andrea Roaldsnes Sæther, sette ho i gang med flåtebyggjing.
- Vi brukte ein heil dag på prosjektet. Flåten bygde vi i hagen av ei gamal tre-skyvedør. Under døra festa vi tre lag med 10 centimeter tjukke isopor-plater. Deretter la vi flåten på ei trillebår og frakta han ned i fjøra. Det var veldig spennande å sjå om det funka. Og det gjorde det! Vi fekk plass til tre personar på flåten!
- Kvifor gjorde du dette?
- Eg likar godt å padle, og så fann eg ut at det å lage ein flåte var ei god måte å løyse fagdag-oppgåva på. Det vart ein veldig kjekk skuledag! slår Cornelia fast.